Ledig stilling som tannhelsesekretær/klinikkassistent.

Lærdal tannhelse vart etablert i Lærdal  1985.Vi har opparbeida ein trufast pasientbase  hovudsakeleg frå Årdal, Lærdal og Aurland.Vi arbeider i moderne, romslege og trivelege lokaler sentralt i Lærdal.

Informasjon om stillinga:

Arbeidet som tannhelsesekretær/klinikkassistent hjå oss har følgande hovudarbeidsområde:

-Klargjering av tannlegestol; oppdekking,rydding og desinfisering.

-Arbeid med instrumenthandtering, sterilisering

-Pasientmottak, administrasjon av timebok

-Varebestilling ,lagerstyring

-Resepsjon

-Reinhald

-Forefallande arbeid

Vi søker ein person som er slik:

-Påliteleg, positiv med godt humør

-Trivst med hektiske dagar,og meistrar stress

-Likar orden og system, og som kan ta ansvar

-Trivst som bindeledd mellom pasient og behandlar

-Datakyndig

Vi vil foretrekke personar med erfaring fra vår bransje, men det er ikkje eit krav. Vi vil syte for relevant opplæring. Vi ser det og som ein fordel at du ikkje har for lang reiseveg til Lærdal. Sidan vår verksemd står framfor ei omorganisering, vil det vere ein fordel at søkar har eit langsiktig perspektiv på rolla si.

Lønn etter avtale med utgangspunkt i tariff og generøs vurdering av ansiennitet.

Ekstra ferie

God OTP ordning

Vi tek imot deg med godt humør og stå på vilje, så vi  saman kan gi våre pasientar ei god oppleving.

Skriftleg søknad stilast til Lærdal tannhelse AS v/Henning Lem , Hansegardsvegen 1,6887 Lærdal, eller med e-post til  lardaltann@gmail.com.

Søknadsfrist 22.11.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Til for deg