-
Knut Klepp er vorten pensjonist.
- e
Knut Klepp og kona Marianne har no avslutta si verksemd hjå oss etter vel 7 år.Knut har arbeida som kjeveortoped i indre sogn i om lag 20 år, og har slik sytt for eit stabilt og godt tilbud. Han har jobba i Sogndal, ved distriktstannklinikken i Lærdal, og til slutt her hjå oss i Lærdal tannhelse.Utallige reisekilometer og fråværstimar har på denne måten blitt sparde for dei familiar med born som trong kjeveortopedisk behandling.
Vi takkar Knut og Marianne for godt og hyggeleg samarbeid i desse åra, og ynskjer dykk så mykje lukke til i pensjonisttilværet med enno betre til å dyrke friluftsliv, jakt med hund og andre interesser.
På vegne av oss alle, tusen takk!