Tanntrekking

Det er fleire grunnar til at ein av og til må trekke ei tann:

-Det er så store hol at ho ikkje kan reddast
-Vi ikkje lukkast med å få vekk betennelse ved å rotfylle tanna
-Tannkjøttsbetennelse gjer at tanna er vorten for laus
-Tanna er skadd i ei ulukke
-Det skal gjerast tannregulering
-Ei visdomstann har ikkje plass til å kome heilt fram.

Tanntrekking medfører blødning etterpå, og vi må difor vite om du brukar blodtynnande medisin.

Dei vanlegaste blodtynnande midlane er Marevan og Albyl- E. Vi oppdaterer alltid ditt helseskjema før ei tanntrekking, så om du brukar slike medisinar, gjer vel å seie ifrå.

I dei fleste tilfelle kan du bruke medisinen som normalt, men det er viktig for  oss å ha desse opplysningane om det skal vere naudsynt med justeringar i medisineringa.

Til for deg