Tannsmykker

Tannsmykker er etter kvart vorte ein populær måte å pynte seg på.

Fordelen med tannsmykker, i høve til til dømes piercing er at dei ikkje gjer skade på tennene, og kan fjernast utan spor.

Det finst mange ulike smykketypar i marknaden, og når dette skal gjerast vel du ut eit smykke frå ein katalog, som vi så bestiller. Smykket vert festa på ei framtann med ein liten dråpe flytande plastmasse som vi herdar.

Om du ynskjer å fjerne smykket i framtida vert det enkelt fjerna frå tanna, og når tanna vert polert kan du ikkje sjå at det har vore noko på tanna.

Eit ferdig montert smykke vil normalt koste mellom 750.-til 1000.- inklusiv smykke.

Tannsm1

Til for deg