Trygderefusjon
Dei siste åra har det skjedd ei positiv utvikling i høve trygderefusjon for tannbehandling
Viktige nye refusjonsordningar gjeld:
-Refusjon for behandling av periodontitt
-Refusjon for behandling av kjevesmerter med bittskinne
-Refusjon for protetisk erstatning av tenner som er tapt grunna periodontitt
-Refusjon for implantatbehandling der tanntap skuldast periodontitt
-Refusjon for dekkprotese på 2 implantat,der årsaka til tannlausheit ikkje er periodontitt(Nytt frå 1.1.2014)
-Styrking av refusjonsgrunnlaget ved munntørrheit(Nytt fra 1.1.2014)
Utbetaling av refusjon for utgifter til tannbehandling skjer ikkje lenger ved det lokale NAV kontoret. Det er HELFO(helseøkonomiforvatninga) som foretek utbetalinga.
Vi har inngått avtale om direkteoppgjer med Helfo i høve refusjon. Dette betyr at du ikkje lenger treng forskuttera det som vert refundert, men berre vert belasta for din eigenandel her hjå oss.Så vert refusjonen utbetalt direkte til oss.
Vi har i 2013 kopla oss opp mot helsenett.Helsenett er ein trygg portal for overføring av data,som no vert obligatorisk om ein vil ha direkteoppgjør med Helfo.Vi finn likevel grunn til å beklaga at vi som tannlegar (og pasientar) vert påført ei ordning som synest unødvendig kostbar.
Vi tek dine trygderettar på alvor og er til ei kvar tid oppdaterte på trygdespørsmål. Spør oss om trygd.
Skattefrådrag.
Frå og med 1.1.2012 har Stortinget bestemt at det ikkje lenger skal gjevast skattefrådrag for utgifter til tannbehandling, sjølv om behandlinga har gjeve refusjon frå Helfo.