Bleiking

Tennene vert mørkare med alderen. Det kan og vere at tennene har ein mørk farge fordi noko gjekk feil under tanndanninga.

I slike tilfelle kan tannbleiking vere rett behandling.

Ofte vil det vere riktig å bleike tennene før ein skifter ut gamle framtannsfyllingar, eller ønsker å setje inn kroner på framtennene. Ved å bleike tennene først vil ein kunne ta ut ein rettare farge på dei nye tennene/fyllingane.

Det er viktig å vere klar over at varigheita av bleikinga vil avhenge av kor mykje misfarging som vert til før tennene.

Dei viktigaste årsakene til misfarging av tennene er røyking, kaffi og raudvin.

Dersom ein ynskjer varig effekt av bleikinga bør ein sjå på sine vaner i høve desse faktorane før ein bleiker.

Etter å brukt forskjellig bleikemetodar ,har vi kome til at heimebleiking er den beste måten å bleika på. Her vert det teke avtrykk av den kjeven som skal bleikast, og det vert laga ei gummiskinne som passar utanpå tennene. Ein får så med seg bleikemiddel som ein fyller i skinna og let bleikestoffet virka nokre timar kvar dag. Dette gjentek ein i ca 1 veke.

Fordelen med heimebleiking er at ein med denne teknikken har ei skinne som ein kan bruke seinare om ein ynskjer å gjenta behandlinga. Ein betalar då berre for nytt bleikestoff.

Til for deg