Odontofobi

Odontofobi

Odontofobi betyr tannlegeskrekk

Odontofobi tyder tannlegeskrekk. Vi kan nok dei fleste, for spøk, omtale eit tannlegebesøk med skrekkblanda fryd, men det finst og dei som knapt nok kan sjå ein tannlegestol før angsten tek dei.

Ved vårt  kontor har vi innreia eit møterom fritt for tannlegeutstyr, der vi kan samtale i nøytrale omgivnader. Ofte er dette ein viktig del av behandlinga. Vi kan og vise bilete, eller video/DVD som ei innleiande behandling.

Mykje av problema rundt odontofobi knyter seg til skam og nederlagskjensler, og ofte er ein redd for å vise fram eit øydelagt tannsett. Då er det viktig å vite at vårt fokus alltid vil vere å få det beste ut av resttannsettet, og ofte er muligheitene langt større enn pasienten ser for seg.

Du som har tannlegeskrekk er hjarteleg velkomen til vår klinikk.

Ved sterk odontofobi finst det tilbod om behandling og utgreiing ved den offentlege tannhelsetenseta i Sogndal.Om ynskjeleg kan vi henvise dit, men du kan og ta kontakt direkte ,om ynskjeleg.

Link til i nfo om tilbodet i sogndal

Til for deg