Kvalitet

Kvalitet

Fokus på kvalitet er ein sjølvsagt ting. Men kvalitet kan oppfattast på mange vis. For deg som pasient vil det truleg bety:

–         Kort ventetid for behandling
–         At vi er presise og har respekt for di tid
–         At du får naudsynt informasjon om behandlinga
–         At behandlinga vert utført smertefritt
–         At arbeida held lenge, og er estetisk tilfredsstillande
–         At kostnaden er  fornuftig
–         At det er reint og ryddig  på klinikken

For oss som arbeider ved klinikken  er dette viktige kvalitetskriterier. For å oppnå dette legg  vi stor vekt på:

-HMS arbeid med regelmessige møter for godt arbeidsmiljø. Vår målsetnad:

Målet for HMS arbeidet er å legge grunnlaget for trygge og gode arbeidstilhøve, som igjen gir høg kvalitet på det arbeid vi tilbyr våre kundar.

Gode driftstilhøve skal legge grunnlaget for trivnad for personalet og førebygge ulykker, yrkessjukdom og sjukefråvær.

-Regelmessig deltaking på kurs, og fagleg oppdatering
-Overvåking av vårt sterilutstyr hjå mikrobiologisk laboratorium UiO.
-Fokus på reinhald
-Dokumentasjon og evaluering
-Rett tidsbruk for minimal ventetid

Det finst ikkje  nokon fasit for kvalitetsarbeid. Den dagen ein trur ein kan alt , har ein tapt. Kvalitetssikringsarbeidet er ein kontinuerleg prosess, som treng fokus kvar dag heile yrkesperioden gjennom.

Ved å ha dette høgt på dagsorden ynskjer vi å skape ei god og sikker ramme rundt våre kundar og for oss sjølve som arbeider her.

Til for deg