Behandling

Når du som ny kunde oppsøker oss er det sjølvsagt fordi du treng ei eller anna form for tannbehandling. Trongen for behandling kan variere frå fjerning av misfarging og tannstein til innsetjing av store og kompliserte tannerstatningar.

Det er viktig for deg å vite at det ikkje først og fremst er ein munn vi er sett til å behandle, men eit menneske med eit problem i  munnen. Det er difor viktig for oss å innhente informasjon om heile helsetilstanden, for å kunne behandle deg på ein rett måte.

Det finst ofte alternative behandlingar for eit problem, og du som pasient har krav  på å få vite om desse, så vi i fellesskap kan finne fram til den behandlinga som passar deg best.

Det er sjølvsagt at du har krav på rett informasjon om kostnad. Du får difor eit kostnadsoverslag før meir omfattande behandling tek til. Vår  prisliste er lett tilgjengeleg på venterommet, eller på denne heimesida.

Det er og sjølvsagt at du skal få informasjon om kva trygderettar du har, helforefusjon er aktuelt ved fleire typar av behandling.

Vi ynskjer deg velkommen til behandling hjå oss, her i Lærdal!

Vi utfører følgande behandling ved klinikken:

-Forebyggande tannbehandling med instruksjon og opplæring i kosthald og reinhald
-Puss og tannrens
-Tannkjøttsbehandling i spekteret frå førebygging til tannkjøttskirurgi
-Tanntrekking
-Rotbehandling
-Fyllingsbehandling
-Innsetjing av kroner og broer.
-Innsetjing av heile eller del protesar. Også i kombinasjon med kroner og broer
-Bleiking av tenner.(Heimebleiking)
-Montasje av tannsmykker
-Skånsom og smertefri bedøvelse blant anna ved bruk av Ligmaject.
-Alle former for akuttbehandling
-Implantatbasert protetikk (I samarbeid med godkjent kirurg/periospesialist)

Av og til er det naudsynt å tilvise til spesialistar .
Våre samarbeidande spesialistar i fagområda:

-Kirurgi:Bergen Tannhelsesenter, Kjevekir. poliklinikk Helse Førde.
Colosseum Sogndal.
-Endodonti: Spes.tannlege Siv Kvinnesland,Voss.

Til for deg