Kroner,broer,implantat

Når tenner er overplomberte er det ofte trong for ein solid og varig erstatning, det vi kallar for ei krone. Å lage ei krone betyr at det som er att av tanna vert forma som ein konisk tapp, ein tek eit avtrykk av den tilslipte tanna, og basert på dette avtrykket vert det laga ei krone hjå ein tannteknikar. Ei krone vil ofte bli laga med eit indre sjikt i hardt netall(gjerne CoCr), og eit ytre lag i porselen med same farge som dei attverande tennene i munnen. Alternativet er heilkeramiske kroner,som oftast laga i Zirkonia. Krona festast på tanna med ein sement.

Bilde krone

Eit kronearbeid krev vanlegvis 2 besøk med 14 dagar i mellom. Eit for avtrykket, og eit for innsetjinga.

 

 

Når ei eller fleire tenner manglar kan ein lage fleire kroner saman i ein konstruksjon, til ei bru. Slik kan ein erstatte tapte tenner i større eller mindre områder av munnen.

Bilde bro

Er det mange tenner borte kan det i ein del tilfelle vere aktuelt med implantatbehandling. Implantat er også aktuelt på unge menneske som til dømes sler ut framtenner. Set ein inn eit implantat, treng ein ikkje bruke friske nabotenner som festetenner for ei bru. Og det er sjølvsagt aktuelt for heilt tannlause pasientar, som ynskjer at tennene skal sitja heilt fast.

Bilde implantatkrone

Meir informasjon om implantatbehandling.

Til for deg