Forebygging

Forebygging

Det er mykje god visdom i ordtaket som seier: Den beste fyllinga er den som ikkje vert laga. Vi kan som fagfolk reparere skade, og erstatte tanntap. Men til sjuande og sist er det du som har ansvaret for at tannhelsa kan bli varig god.

Dersom ein ser bort frå einskilde spesifike tannsjukdomar, er vegen til god tannhelse eigentleg enkel:

Godt dagleg reinhald av tennene, inkludert reinhald av mellomromma mellom tennene.

Eit fornuftig kosthald med faste måltid og få sukkerhaldige mellommål.

Diverre ser det likevel ikkje ut til at ein så enkel resept let seg gjennomføra i praksis, og difor brukar vi mykje tid på å informere og drive førebyggande tannpleie.

På mange måtar er ein ikkje frisk før ein sjølv innrettar seg slik at ny skade ikkje oppstår. Og i ein del tilfelle kan heller ikkje behandling finne stad før vi føler oss trygge på at uvanar er borte, fordi behandlinga elles vil vere bortkasta

Som terapeutar har vi difor eit sterkt ønske om at vår og din målsetnad for behandlinga skal oppnåast:

 

Eit varig godt resultat!

Til for deg