Cerec

Cerec

Det skjer ei rivande teknologisk utvikling i dei fleste bransjar,så også innafor tannlegebransjen.Ein ny motetrend er at dersom ein treng ei restaurering på ei tann så kan ein scanna tanna digitalt, og basert på scanninga kan ein frese ut ein tannerstatning og sementere den. Alt gjerast på klinikken,og i løpet av ca ein time. Ein kan altså få ei ny tann på timen. Det høyrest flott ut, og er det kanskje og, men vi ha vald å vere avventande til denne teknologien av følgjande årsaker:

1.Utstyret er framleis svært dyrt og gir soleis ein høg pris på restaureringa.

2.Ofte kan ein koma i mål med fyllingsterapi som er raskare og mykje rimeligare.I høve bittjustering og utforming av tyggeflata set vi godt handtverk og klinisk erfaring framfor digital fresing.

3.Cerec erstatningar krev meir fjerning av tannsubstans,som for ei krone.Fyllingsterapi krev ikkje fjerning av undersnitt.

4.Store investeringar krev ein viss omsetnad,og det er difor ein viss fare for at teknologien legg føringar for kva behandling ein vel.Vert det meir kruner enn nødvendig?

Vår konklusjon er difor å vere avventande til denne teknologien. Vår erfaring med, og tilbakemedlingar frå pasientar på, store komposittrestaureringar er god, og dette kan uførast raskt og til 1/3 av prisen.Er det ikkje grunnlag for å kunne gjennomføre fyllingsterapi er ordinær kruneterapi alternativet,også dette vanlegvis til prisar under det ein får med cerec fremstilte kroner. Ulempen med konvensjonell krunebehandling er at ein må ta ordinære avtrykk og vente ca 14 dagar på ferdiggjering.Men ordinære kruner er svært solide.

Cerec, og andre digitale system som erstattar vanlege avtrykk for teknikarframstilte kruner,er truleg framtida ,men i dag er ikkje kost/nytte forholdet godt nok for at vi tek det i bruk.Vi er  opptekne av at pris på produkta til pasient også skal vere fornuftig.Når dette ein gong i framtida kjem til rett nivå, vil også Lærdal tannhelse ta denne teknologien i bruk.

Fagartiklar om temaet:

http://www.tannlegetidende.no/index.php?seks_id=468768

http://www.tannlegetidende.no/index.php?seks_id=505684

http://www.tannlegetidende.no/index.php?seks_id=372778

Til for deg