Implantatbehandling er ei behandling der ein erstattar tapte tenner med nye tenner basert på eit feste som vert sett inn i kjevebeinet,eit eller fleire implantat. Utanpå dette eller desse festa kan ei setje på ymse former for tannerstatningar.Dei vanlegaste mulegheitene er:
1.Ein mister ei tann i ei ulukke eller av andre årsaker, og nabotennene er intakte.Ein set inn eit implantat der det
stod ein tann før.På dette implantatet festar ein ei ny tannkrune.
Denne brua vert skrudd på implantata,og sit fast.
3.Ein kan feste avtagbare protesar på implantat med forskjellige festeelement. Ei meir og meir vanleg løysing er til
dømes å feste lause underkjeveprotesar til implantat med påmonterte locator eller kulefester.Ein får då ein
underkjeveprotese som vert stabil i tilfeller der det er lite kjevekam att, noko som medfører at vanlege protesar
ikkje vil sitje fast.
Ingen kasus er like og det ligg ei grundig planlegging bak kvart behandlingsforslag. Kostnad og behandlingsplan vil difor bli ulik fra kasus til kasus.
Behandlingstida frå implantatinnsetjing til ferdig arbeid vil vanligvis vere 4-6 månader.
Ofte kan det vere snakk om refusjon frå Helfo ved slik behandling, dette vil bli rekna ut og bli ein del av kostnadoverslaget.