Gingivitt/Periodontitt

Tannkjøttsbetennelse kan delast inn i to hovudgrupper:

Gingivitt : som er ein lokal betennelse i tannkjøttet. Symptoma er blødning frå tannkjøttet ved pussing, og sporadisk bruk av tannstikker/tanntråd.Ein kan få dårleg ånde.

Årsaken til betennelsen er for dårleg tannreinhald i området ned mot tannkjøttet. Som oftast skuldast dette at ein ikkje reingjer imellom tennene.

Dersom ein gjennomfører regelmessig/dagleg reinhald langs tannkjøttet og i tannmellomromma vil som oftast ein gingivitt gå over av seg sjølv etter kort tid. Det er imidlertid ein føresetnad at godt reinhald vert gjennomført på permanent basis, og ikkje vert prega av skippartak.

 

Periodontitt: som er ein tannfestebetennelse. Symptoma er blødning og puss frå tannkjøtet. Tennene kan kjennast lause i ymse grad. Tennene kan endre stilling grunna dårlegare feste.Ein kan ha dårleg ånde.

Årsaken er at betennelsen etablerer seg langs rota på tanna og festet rundt tann vert brote ned. Vert ikkje betennelsen stoppa kan tanna løsne heilt. Betennelsen er ein prosess som går over mange år, og det er viktig å få ein tidleg stopp på festetapet.

Behandlinga er å innføre eit nøyaktig dagleg reinhald av alle tannflater. Det er ein føresetnad for å oppnå eit godt behandlingsresultat.

Vidare må alle tenner rensast for tannstein og belegg. Der betennelsen er komen langt ned på rota, kan det vere naudsynt med ymse former for kirurgi for å skaffe adgang til tannstein og belegg som sit på tanna.

Som for helsearbeid for øvrig er forbygging også her den enklast form for behandling. Gode reinhaldsvanar vil i dei fleste tilfelle vere nok for å ungå tannkjøttsbetennelse.

Kva er periodontitt?

Kva er tannstein?

Periodontitt og hjarte-kar-sjukdom

Periodontitt og leddgikt

Til for deg