Lærdal Tannhelse 30år

Lærdal tannhelse 3o år!

Den 8.mai 1985 åpna tannlege Henning Lem kontor her i Lærdal. Det første kontoret var i 2.høgda i første byggesteg på kontorbygget til Lærdal installasjonsservice, trebygget i enden av eigedomen. Tannlegekontoret var første leigetakar i bygget .Som ved dei flest ferdigstillingar av byggeprosjekt var også denne prega av litt stress; trapp kom på plass kort tid før åpning ,og vatn kom frå ein hageslange frå aldersheimen…..Men det gjekk seg raskt til. Eit døme på at ting endrar seg med tida var at det for 30 år sidan var eit heilt anna syn på det å røyka. Vi hadde difor askebeger på venterommet, som vart flittig brukt.

Fram til 1997 var kontoret ein solopraksis, men opninga av ÅLK vegsambandet gjorde det naudsynt med utviding. Kontoret vart utvida til 2 behandlingsrom, og det vart tilsett tannhelsesekretær .Kundetilstrøyminga til kontoret var bra, og i 2001 vart det igjen
naudsynt med utviding. Det vart laga eit tredje behandlingsrom, og tilsett tannpleiar. Firmaet vart samstundes omdanna til eit AS, Tannlege Henning Lem AS. Askebegeret vart fjerna for godt…..Framleis held vi til i gamle bygget, men gjorde meir og meir innhogg i arealet der. Det nye bygget vi er i no var kome på plass, og ei tid husa det blant anna Expert forretning i første etasjen.
I 2004 var presset på klinikken stort og det var ynskjeleg å utvida kapasiteten for å møta etterspurnaden. Vi laga ei skisse for å ta over heile etasjen i gamlebygget, der det er 2 leilegheiter .Svein Inge Molde viste derimot fram lokala der Expertforretninga hadde vore, som Lærdal Installasjon no nytta som lager, kunne dette vera noko?

Etter ein runde på kammerset med blokk og blyant same helg, viste lokalet seg svært eigna, og ombygging vart sett i gang. I mellomtida fekk vi inn ein tannlege og ein tannhelsesekretær til i dei gamle lokala, medan vi venta på dei nye. Oktober 2004 flytta vi inn i dei lokala vi har idag,og som har vist seg svært tenelege. I tida fram til no har det vore varierande bemanning ved klinikken. Då vi markerte 25
års jubileum i 2010 var det i alt 8 personar sysselsette ved klinikken .Same år bytte vi navn til Lærdal tannhelse AS.

Vi er no 2 tannlegar og 2 tannhelsesekretærar ved klinikken, og det er passande for den marknadssituasjonen vi ser i dag. Nokre av dei spesialisttenestene som tidlegare var innleigd har vi no tileigna oss lokalt, slik at vi kan tilby eit breitt spekter av tenester ved klinikken. Vi driv i desse dagar og utvilklar kompetanse på  søvnmedisin/søvnapne, som synest å vera eit tiltagande problem i befolkninga.

Denne 21.mai.2015 vil vi feira dagen med rabattar og goodie-bags til våre fremmøtte kundar. Vi vil samstundes takke alle våre kundar for tilliten vi har fått gjennom 30 år. Dette er er grunnlaget for vår eksistens, og det takkar vi audmjukt for! Vi vi samstundes takke Jarle og Svein Inge Molde for å ha vore gode husvertar og tilrettelagt for vår verksemd heile vegen. Utan deira velvilje hadde ikkje dette vore mogeleg.

Vi vil og takke alle som har arbeida ved klinikken og gjort kontinuerleg drift mogeleg i ein landleg tannlegepraksis.

Litt fakta om drifta dei siste 30 åra:
Ca.tal konsultasjonar:110.000. Ca omsetnad: 67 millionar. Antal medarbeidarar:16

Helsing

Henning  Nilesh  Randi  Jorunn

Til for deg