Kjeveortoped Knut Klepp flyttar si verksemd til Lærdal tannhelse.

Kjeveortoped Knut Klepp,som tidlegare har halde til  ved Lærdal tannklinikk(DOT Lærdal), vil frå 2. januar 2017 drive si verksemd hjå Lærdal tannhelse. Knut Klepp er ein svært erfaren kjeveortoped, som har arbeidd mange år med Lærdal som utgangspunkt.Han underviser i tillegg ved tannlegehøgskulen i Bergen i 50% stilling.

knutnklepp_kontor_MG_0673

Vi er glade for at denne viktige tenesta no kan behaldast i Lærdal,til glede for våre pasientar i heile indre sogn, som på denne måten kan redusere lange reiser for å få kjeveortopedisk oppfølging.

Vi vil fortløpande legge ut kva datoar han vil vere på kontoret. Dei vil du finna under eigen  fane  under menyen kjeveortoped.

Til for deg